Kvelpekurs i Gaupne - 6 timar 
Det hunden gjer ofte blir den flink til, uansett om det er ting du vil at hunden skal gjera eller ting du ikkje vil den skal gjera. Skapar du gode vaner i kvardagen så blir livet ditt med hund både kjekkare og enklare. På kurset går ein igjennom øvelsar for å skape gode vaner, slik som å ha kontakt med eigar sjølv om det er andre hundar i nærleiken, bli håndtert, kunne vente og komme på innkalling. Du får ei innføring i korleis lære hunden ulike øvelsar som du kan bruke i kvardagen med hunden din.

Kurset er ope for kvelpar i alderen 12 veker til 6 månader.

All trening vil foregå med positiv forsterkning = belønningstrening.

Instruktør vert Inger Handegård. NKK-trinn 2 instruktør og rallyinstruktør. Ho har konkurrert både lydighet, rallylydigheit, bruks og jakt med sine spaniels og har oppdretta over 200 kvelpar sjølv. 

Kurset er på 6 timar med instruktør - 4 kveldar a 1,5 time.
Pris kr 900 (Kr. 1200 for ikkje medlem i Luster hundeklubb)
Juniormedlem i LHK (under 20 år og registrert i medlemslista) får kr. 250 i avslag på kurset.
Du får informasjon om betaling når du har fått bekrefta plass på kurset.

Du som ikkje har fått kvelpen din enno, eller som har for ung hund, er velkommen til å vera med som observatør. Då skriv du observatør i namnet på hunden :-)
Prisen for observatørplass er kr. 200 for medlemmer, kr. 300 for andre.

Du er medlem i klubben når du har betalt medlemsskapet gjennom NKK og står på medlemslista vår. Anna familiemedlem enn den som står på medlemslista kan gå med hunden på kurset. Me krev ikkje medlemskap for meir enn ein person som bur under eit og samme tak. 

Kurset går over fire kveldar. Kurset kan bli flytta til Indre-Hafslo eller Hafslo/Moane dersom snøen smelter fort. 

Torsdag 18. april kl.18:00-19:30 (1,5 time) Me startar med litt teori utan hund.
Torsdag 25. april kl.18:00-19:30 (1,5 time)
Torsdag 2. mai kl.18:00-19:30 (1,5 time)
Torsdag 9. mai kl.18:00-19:30 (1,5 time)

OBS: Sidan me er ute heile tida, kan kurset verta flytta dersom det vert skikkeleg dårleg vær!

Deltakarane vil få nærare informasjon på e-post.  

Hunden må være fylt 12 veker ved kursstart praktisk trening og det skal ha gått 14 dagar etter første vaksine.
Hugs at hunden din må vera vaksinert etter reglane til Norsk Kennel Klubb for å delta på kurs.
I kortversjon så betyr dette at den skal vera vaksinert mot kvelpesjuke ein gong etter fylte 10 veker.  

Spørsmål kan rettes til instruktør Inger Handegård som SMS til telefon 918 35 324
eller aller helst på epost til kenneldesperado@gmail.com   

Kurset har plass til maks 6 deltakere.
Kurset vert utsett/avlyst dersom me ikkje får minst 4 deltakarar.
Medlemmer har 1. prioritet i den rekkefølga dei melder på fram til søndag 14. april kl. 20.00.
Etter den tid er det førstemann til mølla. 

Påmeldinga er økonomisk bindande.

Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Namn kursdeltakar: *
Adresse og postnummer/stad: *
Født år (for registrering i Studieforbundet): *
Telefonnummer: *
Er du medlem i Luster hundeklubb? *
Required
Namn hund: *
Alder på hund: *
Kjønn på hund: *
Rase (eller rasar): *
Har du nokon spesielle planar for hunden din, spesielle utfordringar med den eller anna informasjon som instruktøren bør vite om?
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy