Passeringskurs 20-21 april 2024

OBS: Kurset er no fullt for deg som ynskjer å gå med hund – men det er ledige observatørplassar

Målet med kurset er å gi deg kunnskap som kan hjelpe deg til å lettare passere hundar når du er på tur:
Er det ein utfordring å passere andre hundar eller menneske på tur?
Gjer hunden utfall, eller er den overivrig og vil berre helse?
Dette er ein problemstilling mange hundeeigarar slit med.

Gjennom dette kurset vil du få verktøy som du kan bruke på vegen vidare mot å meistre desse utfordringane.
Kurset har som formål å gje deg kunnskap til å handtere slike situasjonar på best mogleg måte, og  gjere det enklare å gå tur med hunden.

Kurset er ein blanding av teori og praksis, slik at det blir lettare å forstå kvifor dette problemet oppstår, og kva me kan gjere med det.

Me tek føre oss: kvifor utagerer hunden? Kva vil me at hunden gjer i staden? Korleis lære me hunden alternativ adferd?

Dette kurset passer for alle hundar, og for dei som vil jobbe forebyggande slik at ikkje passeringsproblem oppstår. 

Krav til forkunnskap hjå førar:
- Absolutt ingen! 

Instruktør er Hilde Ulvatne Martinsen
Hilde er NKK-trinn 3 instruktør - dvs. ho utdannar nye instruktørar gjennom NKK-systemet.
Hilde driv også Hamar hundeskule og har lang erfaring i trene både eigne og andre sine hundar.

Maks tal deltakarar: 8
Påmeldingsfrist: 
OBS: Kurset vert avlyst dersom me ikkje har minst 6 påmeldt innan 1 april. 

Stad: Gaupne 

Tid:
Laurdag 20 april klokka 10-16
Søndag 21 april klokka 9-15

Pris:
Medlem i Luster hundeklubb: kr 1900.-
Ikkje-medlem: kr 2400.-
Observatørplass utan hund: kr. 500 for heile helga
Påmeldinga er bindande. 

Har du spørsmål om kurset? Kontakt Mona Nyløy på epost: mona@smedhaugen.com eller tlf: 97 65 19 22

Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Eg ynskjer plass på kurset som observatør: *
Required
Navn på kursdeltakar *
Adresse *
Postnummer/stad  *
Telefon *
Førar er født år: (Studieforbundet krev fødselsår) *
Er du medlem i Luster hundeklubb? *
Required
Har du spesielle problemstillingar du vil ha hjelp med eller som instruktøren bør ha kjennskap til før kurset
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy