Vil du vera med på frivillig arbeid i lokalsamfunnet ditt? Me startar opp med prosjektet vårt Digital heimehjelp.
Du kan gjera ein forskjell og auka livskvaliteten til heimebuande eldre gjennom digital opplæring/bistand.
Du får tilgang til teknisk utstyr, opplæring og veiledning/support undervegs.
Den digitale revolusjonen gjer at dei eldre i dag treng både meir innføring i og bistand til å auke sin digitale kompetanse, og korona-pandemien har skutt fart på dette med fleire lysår. Sjølv om frivilligsentralen har vekentlege treff og kurs med digital hjelp, er det ikkje alle som kan delta på desse grunna mobilitets- og andre utfordringar.
Gjennom å byggja opp ein base med frivillige, kursa desse og utstyre dei teknisk ynskjer vi å gje eit tilbod til eldre heimebuande i kommunen vår om Digital heimehjelp.
Du vil få opplæring samt veiledning og support undervegs.

Prosjektleiar: Elin Myran, avdelingsleiar frivilligsentralar i Ullensvang kommune.
Adresse: Opheimsgt. 31, 5750 ODDA
E-post: elin.myran@ullensvang.kommune.no
Tlf.: 975 58 505/ 475 12 152

Email *
Kanskje du kunne tenka deg å vera med?
Epostadressa di *
Navnet ditt *
Telefonnummeret ditt *
Kor i kommunen vår bur du (kor er det lettast for deg å bidra frivillig)?
Når det gjeld utstyr/nettbrett, ynskjer du helst:
Clear selection
Kva tid passar det best for deg, å vera frivillig?
Kor ofte tenker du at du har lyst å bidra frivillig? (Er dette vanskeleg å svare på, kan du skrive "etter avtale")
Kanskje du snakkar fleire språk, i så fall ynskjer me gjerne å vite hvilke.
Er det noko som bør leggast tilrette for deg, for at du skal kunna vera med?
Er det noko du lurer på?
For at ein skal kunna gje best mogleg tilbod til den einskilde frivillige, treng me å lagra nokre personopplysingar. Gjeldande personvernlov krev at det skal innhentast samtykke til dette. Samtykke er ein frivillig, spesifikk og utvetydig erklæring om at ein aksepterer måten Frivilligsentralen nyttar personopplysingane i praksis. Når du gjev samtykke, godtek du at frivilligsentralane lagrar kontaktopplysingar som namn, adresse, telefonnummer og epost. Du samtykker og til at frivilligsentralane deler kontaktinfomasjon med aktuelle avdelingar i Ullensvang kommune slik at vi kan ta kontakt med deg og spørja deg om å ta oppdrag på epost, sms og telefon.

Les meir om dette i dokumentet om personvernerklæring her: https://odda.frivilligsentral.no/dokument?personvernerklering&Id=77277 
*
Required
Eg samtykker til at frivilligsentralane i Ullensvang kan lagra mine kontaktopplysningar, og dele kontaktopplysningar med Ullensvang kommune. *
Required
Som frivillig medarbeidar i Ullensvang frivilligsentralar er eg kjend med at eg går inn i tenesta på følgjande vilkår: 
Eg er pålagt teieplikt (etisk og moralsk). Eg er klar over at dette arbeidet krev lojalitet og respekt for personvernet. Eg forstår at eg gjennom mitt frivillige engasjement vil få tilgang til opplysingar som ikkje må bli kjent for uvedkomande. Teieplikta gjeld og etter at eg har avslutta engasjementet mitt hos frivilligsentralen.

Les meir om dette i dokumentet Erklæring om teieplikt her: https://odda.frivilligsentral.no/dokument?erklering-om-teieplikt&Id=78761 eller sjå vedlegg.
*
Required
Signaturen din

*
Submit
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
This form was created inside of Ullensvang kommune. Report Abuse