Velkommen til ope møte 28 oktober 2021
Tema: Få kontakt med hunden - ha det kjekt i kvardagen
Stad: Banksalen i Gaupne kl. 19.00-21.00
Ope for alle - gratis - maks tal deltakarar = 40

Me ber om at ALLE som kjem på møtet melder seg på via skjemaet under slik at me har oversikt over tal personar og kven som er der. Ei påmelding pr. person. Kjem fleire frå ein og samme familie melder de på kvar enkelt. Alle som får plass får tilsendt e-post som bekreftar plassen. Me stenger for påmelding når det er fullt.
Vert det stor interesse for møtet prøver me å få til eit nytt møte litt seinare med samme tema.

Ansvar for møtet: Inger Handegård - NKK trinn 2 instruktør og har hatt og trent hund siden 1974.

Dette er fyrst og fremst eit møte for deg som er ny med hund, kanskje du har planar om å skaffe deg hund eller du har kvelp, unghund eller ynskjer å trene bort innlærte unotar og lære hunden din nye ting.

Det vert gått gjennom korleis du kan trene for å få ein hund som har lyst å vera sammen med deg og halde kontakten med deg. Me går gjennom innkalling, det å gå fint i band og lære seg ulike ting. Me går gjennom kva trening med positiv forsterkning er og kvifor me trener på denne måten. Me prøver å forklare korleis me får hunden til å gjera meir av det me vil og mindre av det me IKKJE vil den skal gjera. Og mykje anna. Ta gjerne med skrivesaker dersom du ynskjer å notere stikkord.

Velkommen!
Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Namn på deg som kjem på møtet *
Submit
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy