Varsling om kritikkverdige forhold
Alle gjester, medlemmer, styremedlemmer, tilsette og frivillige har rett til å seia frå om kritikkverdige forhold.

Eksempel på kritikkverdige forhold kan vera:
  1. Fare for liv og død: Situasjonar der folk ikkje er trygge, som brannfare, dårleg vedlikehald av bygningar eller utstyr som kan føra til skadar, eller manglande førstehjelpsutstyr og -opplæring.
  2. Fare for miljø: Praksisar som skadar miljøet, som feilaktig avfallshandtering, overdriven bruk av ikkje-fornybare ressursar, eller å la vera å følgja rutinar for ei meir miljøvennleg drift.
  3. Korrupsjon eller økonomisk kriminalitet: Ulovleg finansiell aktivitet som underslag, bestikking eller misbruk av organisasjonen sine midlar til personleg vinning.
  4. Misbrukt av makt og myndigheit: Misbruk av stilling eller makt for å manipulera avgjersler, utøva urettferdig påverknad eller utsetja andre for urettmessig diskriminering.
  5. Mobbing, trakassering eller uforsvarleg samarbeidsklima: Oppførsel som skaper eit utrygt eller fiendtleg samarbeidsmiljø, som mobbing, seksuell trakassering, eller anna psykisk eller fysisk trakassering.
  6. Brot på personopplysningstryggleiken: Uforsiktig eller ulovleg handtering av personleg informasjon, som lekkasje av sensitive data, manglande datatryggleik eller brot på personvernlova.
Sign in to Google to save your progress. Learn more
Vil du vera anonym? *
Det er sannsynlegvis enklare for styreleiar/driftsleiar å følgja opp varslinga di, viss det er mogleg å ta kontakt for å stilla eventuelle avklaringsspørsmål. Dersom du likevel ynskjer å vera anonym, vil me ikkje be om kontaktinformasjonen din.
Next
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
This form was created inside of Hjelmeland Samfunnshus SA. Report Abuse