OBS: Runderingskurset er no fullt for deg som ynskjer å gå med hund – men det er ledige observatørplassar
Er du nysgjerrig på brukssportene spor eller rundering?
Har du lyst å trene eller konkurrere i bruks og utvikle deg og
hunden innenfor spor eller rundering?
Målet med dette kurset er å gi deg innføring og vidareutvikling
i dei to brukshundsportane spor og rundering. Du kan delta uavhengig av nivå du
er på, kurset blir tilpasset deg og din hund sitt nivå.
Det kan være ein fordel at du har ein god belønning til
hunden.
Me startar med teori fredag kveld og er i skogen laurdag og søndag.
Krav til forkunnskap hjå førar:
Ingen. Kurset vert lagt opp til der du og hunden er i treninga, derfor ber me om informasjon om hunden og di erfaring når du melder på.
Instruktørar er Øyvind Jensen (spor) og Hilde Nordli (rundering):
Hilde har hatt ei rekke kurs, både i spor og rundering. Ho har delteke i Norgesmesterskap for brukshundar 11 gonger, i tillegg til Nordisk mesterskap og The Challenge. For tida har ho to kelpier og en malinois som ho har oppnådd både svensk og norsk brukschampionat med.
Øyvind fekk sin første hund i 1998, og har vore innom mange hundesporter før bruksen fekk hovedprioritet i 2009. Har sidan den gong konkurrert i NBF. Han har delteke fleire gonger i NM og han er bruksdommer. Øyvind har erfaring med mange forskjellige raser, og har i dag ein rottweiler og ein malinois.
Maks tal deltakarar: 6 på kvart kurs = totalt 12
Påmeldingsfrist:
Medlemmer i Luster hundeklubb har 1. prioritet fram til 19. mars.
Etter den tid er det førstemann til mølla.
OBS: Kurset vert avlyst dersom me ikkje har nok påmeldingar innan 1 april.
Stad: Kaupanger
Teorien fredag vert på Vesterland feriepark, Kaupanger.
Her er det også hytter og campingplass for overnatting (må bookes av den enkelte deltaker).
Tid:
Fredag 26 april klokka 18:00-20:00
Laurdag 27 april klokka 10:00-til me er ferdige (rundt 16:00)
Søndag 28 april klokka 09:00-til me er ferdige (rundt 15:00
Pris:
Medlem i
Luster hundeklubb: kr 2200.-
Ikkje-medlem:
kr 2600.-
Observatørplass utan hund: kr. 500 for heile helga (begrensa med plassar)
OBS: Påmeldinga er økonomisk bindande.
Det vert sendt ut meir detaljert informasjon når det nærmar seg kurs.
Har du spørsmål om kurset? Kontakt klubben sin brukshundkontakt Marina Eriksson på epost: marineriks@gmail.com eller tlf: 94240891