Påmelding til øvings- og konserthelg med Hardangerkoret  1. - 3. april 2022 i Bergen
Kjære koristar!

Vi ynskjer våren velkomen i Vestlandet sin hovudstad første helga i april. Sjå nettsida vår for ymse informasjon. Fredag kveld skal vi øve i eit lokale på Minde, og laurdag og søndag i Ytrebygda Kultursenter. Kvar enkelt må ordne overnatting sjølv, og vi vil ha eit fellesmåltid laurdag og to på søndag.

Prisar:
Påmeldingsavgift: kr 300 for medlemer, 900 for andre (mellomlegget vil gå inn i kontingenten for dei som blir medlem etterpå)
Lunsj laurdag - pizza kr 100 pr person
Lunsj søndag - baguettar (god kvalitet!) kr 100 pr baguette
Varmt måltid søndag før konserten - kr 150 pr person

Vi vil sende ut faktura på epost til dei som melder seg på - IKKJE BETAL før du har fått den!

I skjemaet skal du oppgje epostadresse og namn, og deretter om du vil melde deg på eller ei. Dersom du krysser av for at du blir med, går du automatisk vidare til alternativ for måltid. Par kan fylle ut eit skjema, men skriv i så fall inn førenamn på begge to slik at vi ser at det er for begge.

Kontakt Anne Karin Stormyr på anne.karin.stormyr@gmail.com, tlf 913 94 982 eller Gunnar Dalseth på hindhgts@psmail.net, tlf 952 73 845 dersom du har spørsmål. Frist for påmelding: seinast 25. mars. Du vil få ei kvittering for påmeldinga på epost.

Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Etternamn *
Førenamn *
Blir du med på korseminaret? *
Next
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy