Talentsenteret er ein fagleg og sosial møteplass for elevar med stort læringspotensial (SLP). Ein elev med SLP er ein elev som kan læra raskare og ta til seg meir kompleks kunnskap samanlikna med jamnaldrande. Det treng ikkje å vera ein «sekser-elev», men ein elev som kan prestera på særs høgt nivå, om det er lagt til rette for det.
På Talentsenteret er fokuset på MNT-faga (matematikk, naturfag og teknologi), så eleven må ha interesse for desse faga.
Nokre typiske karakteristika for aktuelle elevar er:
-
Kan vera nysgjerrige og vitebegjærlige
-
Kan utmerka seg i tema av interesse, interessen kan liggja utanfor skule og læreplanar
-
Tilegner seg kunnskap, lærer fort
-
Kan fornekta eigne evner, motstå utfordringar, underyta, redd for å gjera feil
-
Får ikke nok utfordringar i eigen skulekvardag
Eleven treng ikkje å ha alle nevnte karakteristikkar. For meir informasjon om korleis å gjenkjenna talenter anbefalar me å lasta ned "Hva kjennetegner talenter?" av Prof. Ella M. C. Idsøe her:
https://www.jaermuseet.no/wp-content/uploads/2020/09/Kva_kjenneteikner_talenter_v1.pdfMe vil i stor grad bruka lærarane sine vurderingar frå denne innsendinga i utvelgingsprosessen. Elevane me er ute etter utgjer i realiteten cirka 5-10 % av elevmassen. Ta omsyn til dette når de oppmodar elevar om å søke.