UngOsa 2023
NB! Viktig: Ved påmeldingsfristen 20.september var det heile 77 påmelde til UngOsa, og me lyt ha ventelister for evt. påmeldte etter 20.september. Ta kontakt med magni@hardingfela.no eller rannveig@olebull.no i høve til kva gruppe du evt. kunne tenkje deg å delta i.

Påmeldingsskjema til UngOsa 2023 (skal du melda på fleire lyt du fylla ut eit skjema for kvar enkelt deltakar).


Osafestivalen og hardingfela.no gler oss over å kunna ynskja velkomne unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7* til 18 år til å bli med oss på årets UngOsa 27.-29. oktober. Kjekt at du har lyst til å bli med!


* Dersom du er under 10 år og skal overnatta lyt du ha med deg ein vaksen. Overnattinga vil vera på Voss vandrarheim. Sjå meir info om tinging av overnatting for fylgje lengre ned i skjemaet.



Førebelse lærarar UngOsa 2023

Toradar: Amalie Kinsarvik Tvilde, Linda Skjerping og Ole Gjerde
Song: Guttorm Rogdaberg og Lajla Storli
Hardingfele: Svein Laingen Kjerland, Ida Marie Rognsvåg, Marta Lindvik og Håkon Høgemo
Dans: Åsmund Nestås Øydvin og Silja Solvang med dansespel av Anita Bråvoll
Samspel: John Ole Morken. Ope for utøvarar mellom 12-18 år som har spelt ei stund. Døme på instrument: gitar, bass, hardingfele, toradar, trekkspel m.m.


FØREBELS PROGRAM

Fredag
17.00 Registreringa opnar
17.30 Middag
18.30 Velkomen og gruppeundervisning og fellesaktivitetar
21.00 Kveldsmat for dei som bur på Voss vandrarheim

Laurdag
7.30 Frukost
9.00 Start kursdag med gruppeøvingar, fellesaktivitetar og vera publikum på konsert
17.00 Middag
18.30 Felles aktivitetar og dans utover kvelden
21.00 Kveldsmat

Søndag
8.00 Frukost
9.30 Gruppeøving, fellesøving, lunsj og og generalprøve
13.00 -14.00 Konsert og takk for i år!



Deltakarprisar
995,- deltaking med overnatting på Voss Vandrarheim, måltider og inngang utvalde arrangement festival
800,- syskenmoderasjon deltaking med overnatting (deltakarpris for sysken nr 2, 3...)
690,- deltaking utan overnatting, men med middag fredag og laurdag, og inngang utvalde arrangement festival

Prisar for foreldre/fylgje som skal overnatta
Overnatting (2 døgn) for fylgje kr 2200,- (pris inkluderar også alle måltid)




Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert etter 20.september, men ta kontakt med magni@hardingfela.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.


Tips: Dersom du er medlem i eit spelemannslag eller ungdomslag: høyr om dei kan dekkje deler av deltakingsavgifta.


Huk gjerne av for at de blir med på UngOsa 2023 på Facebook: arrangement UngOsa2023
Og følg og del gjerne UngOsa si Facebook-side: https://www.facebook.com/UngOsa
Sjekk ut Osafestivalen si heimeside for festivalprogrammet: https://osafestivalen.no/


Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Innsamling av informasjon i samband med påmelding *
Namn på deltakar *
Førenamn Etternamn (skal du melda på fleire lyt du fylla ut eit skjema for kvar enkelt deltakar)
Adresse *
Postnummer *
Poststad *
Fødselsdato (obs, fyll inn slik: dd.mm.åååå) *
MM
/
DD
/
YYYY
Kva for gruppe? *
Vi vil gjera vårt beste for å plassera deltakarane i grupper etter omlag same nivå. Dette spørsmålet og det neste, vil hjelpa oss på veg med dette. (Gruppelærarane under kurset vil også vera med og passa på at alle får passelege utfordringar). Du svarar det som du synes høver deg best.
Kor lenge har du spelt, sunge eller dansa? *
Oppgje (ca.) kor lenge du har spelt, sunge eller dansa. Oppgje gjerne også kven du har lært av. For deg som melder deg på samspel: oppgje her kva for instrument du ynskjer å delta med.
Allergiar/ ev. anna vi treng vite om? *
Er det visse omsyn vi lyt ta med tanke på mat o.l.?
Føresett 1: Førenamn, etternamn *
Mobilnummer føresett 1 *
E-post føresett 1 *
Føresett/ kontaktperson 2: Førenamn, etternamn *
Mobilnummer kontaktperson 2
E-post kontaktperson 2
Fotografering og filming under kurset *
Det vil bli teke bilete og film under kurset. Ver venleg og gje oss melding om det er ok at deltakar blir teke bilete av. Bileta vil bli brukt i samband med dokumentering av årets kurs og ved vidare promotering av UngOsa.
Kursavgifter *
Vel det alternativet som høver. NB: Dersom du er under 10 år og skal overnatta lyt du ha med deg ein vaksen (sjå neste boks). NB! Påmeldinga er bindande. Kursavgifta kan ikkje refunderast etter påmeldingsfristen (20.september).
Under 10 år?  Og/ eller overnatting for vaksen/ fylgje familiemedlemmer ? *
Er du under 10 år og skal overnatta lyt du ha med deg ein vaksen. Foresatte/ familie til deltakarar over 10 år kan sjølvsagt også tinge overnatting. Det er eigne prisar på overnatting for ikkje-deltakarar - ta kontakt på e-post (sjå under) så finn vi den løysinga som passar dykk. OBS: det er avgrensa med plassar for overnatting. Deltakarar har difor fyrsteprioritet. Det finnast også andre overnattingstadar på Vangen for øvrige, dersom ein skulle ynskje det.
Har du familiemedlemmer som skal vera med, og som kan hjelpa litt til under kurset? *
Har du familiemedlemmer som skal vera med under helga, og som kan hjelpa litt til (med til dømes fruktkutting, vera fylgje til familieførestillinga/dansekveld, transportering til/frå vandrarheimen). Huk gjerne av på fleire, dersom det høver.
Required
OBS! Hugs også å betala kursavgifta! *
Takk for påmeldinga di! Når du sender inn skjemaet no, blir påmeldinga registrert og du vil motta ein kopi av skjemaet på e-post. Hugs å betala kursavgifta innan fristen 20. september! Betal inn riktig beløp 995,-/ 800,-/ 690,- til kontonummer 3480.14.71392 for at påmeldinga skal vera gyldig. Merk betalinga med namnet til deltakaren. Vi vil senda ut meir info og program på e-post når det nærmar seg sjølve samlinga. Dersom du lurar på noko - ikkje nøl med å ta kontakt på e-post: magni@hardingfela.no. Vi gler oss til ei kjekk musikk- og dansehelg på Voss!
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy