Påmelding korseminar med Hardangerkoret  1. - 3. oktober 2021 i Herand, Ullensvang
Vi åpnar hausten med å møtast i Herand i tidlegare Jondal kommune, ca 12 km frå Jondal langs fv 555 mot Utne. nærare bestemt i Herand Kulturhus (Herandsvegen 359)). Vi ber om at medlemer som ikkje skal vere med, også sender inn skjemaet med avkrysning for at dei ikkje kjem.

Vi tilbyr denne gongen berre måltid og ikkje overnatting, men informasjon om overnatting i Herand står nedanfor. Påmeldingsavgift er kr 300 for kormedlemer. Ikkje-medlemer betalar kr 900 (alder 26 år og eldre), eller kr 600 for ungdom (under 26 år). Merk at det ekstra tillegget blir ein del av medlemskontingenten dersom du vel å bli medlem etterpå.

MERK! NB! Der er ingen felles måltid etter øving på fredag, og heller ikkje frukost. Men landhandelen i Herand kan brukast døgnet rundt - du brukar bankkortet for å sleppe inn, og med sjølvbetening i kassen. Her kan du finne det du treng. Dei fleste muligheitene for overnatting har tilgang til kjøken. Vi ber også deltakarane om å ta med seg godbitar som pausemat. Vi serverer kaffi og te, og vonaleg litt fersk frukt frå Noregs beste frukthagar!

Andre måltid: Baguettar til lunsj på laurdag med variert brød og pålegg, kr 50 pr baguett
Gryterett laurdag kveld etter øving, og lasagne søndag lunsj, begge kr 190 pr person.

Overnatting: Vi har tre mulige plassar:
1. Bjørg og Christian Tolaas (som er med i koret) tilbyr overnatting til kr 300 pr person pr natt (med sengetøy og handkle) i ymse bustader som dei vanlegvis leiger ut på Airbnb. Desse er alle godt utstyrt med fleire rom i kvar bustad og delt kjøken og bad. Sjå fylgjande linkar for meir informasjon:
Leilighet 1 (6 senger i 3 rom) www.airbnb.no/rooms/7580072 
Leilighet 2 (4 senger i 2 rom) www.airbnb.no/rooms/19398804 
Begge desse to ligg i Herandsvegen 300 like ved båthamna, ca 700 meter frå Herand Kulturhus.
Låven (12 senger i 5 rom): www.airbnb.no/rooms/6996231 
Siloen (4 senger i 3 rom): www.airbnb.no/rooms/35816294 
Desse to ligg i Herandsvegen 481B og C oppe ved Herandsvatnet, ca 1.3 km frå Herand Kulturhus

Ta direkte kontakt med Bjørg på tlf 982 04 994 / bjorg@fonn.no, eller Christian på tlf 913 89 776 / chr@fonn.no for å tinge rom.

. 2. Hardanger Rom og Harmonium tilbyr rom i Herandsvegen 325, ca 450 meter frå Kulturhuset.
"Hardanger Rom & Harmonium har 6 rom ledig den helga de skal ha seminar. Priser er kr 300 pr person pr natt (med sengetøy og handkle) i dobbeltrom, 375 kr for dei som vil ha romet åleine. 100 kr avslag for dei som har med sengetøy. Alle romma kan brukast både som dobbelt- og enkeltrom. Det eine rommet har dobbelseng, på dei andre kan me setja sengene frå kvarandre.
Sjekk bilete og info på: www.hardangerrom.no Betalinga skjer med kort via betalingslenke eller betalingsterminal i løpet av helga.
mvh Marna Roer - 99640120 / marna.roer@live.no"

3. Gunnar Dalseth tilbyr eit dobbeltrom (to enkle senger) med tilgang til kjøken / delt bad i Øvre Tveitehagen 19, ca 150 meter frå Kulturhuset. Pris: Kr 300 pr person pr natt. Sjå www.airbnb.no/rooms/13137930
Kontakt Gunnar (kontaktinfo nedanfor) for å tinge rom.

Dersom det ikkje er nok, er der andre i tillegg - spør Gunnar om informasjon. Vi ber medlemmene om å finne andre å dele rom med og ta kontakt med vertane. Betaling skjer direkte til utleigar og ikkje via koret.

Priseksempel for medlemmer inkl. påmeldingsavgift utanom overnatting:
Ingen måltid: kr 300 (medlemer over 26 år)
Med alle måltid: kr 730 (medlemer over 26 år, 1 baguett)
NB! Betal inn påmeldingsavgift og betaling for måltid til konto 3450.37.17354!!!

I skjemaet skal du oppgje epostadresse og namn, og deretter om du vil melde deg på eller ei. Dersom du krysser av for at du blir med, går du automatisk vidare til alternativ for måltid. Par kan fylle ut eit skjema, men skriv i så fall inn førenamn på begge to slik at vi ser at det er for begge.

Kontakt Anne Karin Stormyr på anne.karin.stormyr@kyrkjer.ullensvang.no, tlf 913 94 982 eller Gunnar Dalseth på hindhgts@psmail.net, tlf 952 73 845 dersom du har spørsmål. Frist for påmelding: Seinast onsdag 22. september Du vil få ei kvittering for påmeldinga på epost.

Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Etternamn *
Førenamn *
Blir du med på korseminaret? *
Next
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy