Ung i Kor - Støtte til ny musikk for unge stemmer 2024
Her kan du søkje om støtte til nyskriven musikk for barne- og ungdomskor. Målet med ordninga er å oppmuntre fleire kor til å prøve på nyskriven musikk, og å oppmuntre unge komponistar til å skrive for unge røyster.

Både kor og komponistar kan søkje ordninga. Søknader som involverer komponistar under 26 år vil kunne prioriterast i tildelinga.

For å kunne søkje støtte som kor, må du vere medlem av Ung i Kor. 

Stykket skal vare rundt 2-4 minutt, med ei stemmefordeling som passar barne- eller ungdomskor. Søkjarar som ynskjer andre format kan argumentere særskilt for dette. Stykket skal også skal ha ein grad av kompleksitet som passar det aktuelle ensemblet.

- Søknader som blir godkjende får 15.000,- i støtte.
- Ung i Kor diskuterer ein framdriftsplan saman med dei involverte.
- Støtta blir utbetalt etter overlevering av verket til koret.

Det er eit avgrensa tal på kor mange verk som kan bli godkjende. Ung i Kor vil, i tillegg til retningslinene, kunne prioritere søknader der verket blir ferdigstilt og overlevert til koret i laupet av 2024.

Les utlysingsteksten for kor her:

https://www.ungikor.no/aktuelt/sok-stotte-til-ny-musikk-2024

Les retningslinene her:

https://www.ungikor.no/nymusikk

Frist for søknaden er 15. mars 2024.

Spørsmål om ordninga kan rettast til daniel@ungikor.no.
Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Eg som søkjer er: *
Next
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
This form was created inside of Ung i Kor. Report Abuse