Konkurranse - Jotunheimen og Utladalen 40 år
Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde feirar 40 år den 5. desember 2020. I samband med jubileet inviterer Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen til konkurranse.

Vi håpar du har lyst å prøve deg på spørsmåla nedanfor!
 
Svarfrist innan torsdag 10. desember.

Vi trekker tre premiar blant dei som har flest rette, og ein vilkårleg blant alle som har sendt inn svar.
Vinnarane og svara blir kunngjort på vår heimeside www.jotunheimen.info og på facebook.

E-postadressa blir berre brukt til å orientere vinnarane, og blir sletta etter at konkurransen er gjennomført.

Lukke til!


Framsidefoto: Live Andrea Sulheim

Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Spørsmål 1:  Kvifor stikk toppane i Jotunheimen opp frå terrenget rundt? *
Glittertind. Foto: Jan Stokstad.
Glittertind. Foto: Jan Stokstad.
Spørsmål 2: Ein av av dei tøffaste blomane i fjellheimen blomstrar tidleg om sommaren. Kva heiter denne vårblomen?
Foto: Kari Sveen
Foto: Kari Sveen
Spørsmål 3. Kor mange DNT-hytter er det i Jotunheimen nasjonalpark?
Fannaråkhytta. Foto: Helle Andersen
Fannaråkhytta. Foto: Helle Andersen
Spørsmål 4: Vamp syng om «Liten fuggel». Denne vesle fuglen kan du treffe på i Jotunheimen. Veit du kva han heiter?
Foto: Kari Sveen.
Foto: Kari Sveen.
Spørsmål 5: Det er ikkje berre i Donaldblad og i jungelen du finn kjøtetande planter. I Jotunheimen og Utladalen kan du finne to av dei, kva er namnet på denne?
Foto: Kari Sveen.
Foto: Kari Sveen.
Spørsmål 6: I Jotunheimen kan du sjå spor etter mange ulike dyr. Veit du kven som har gått her?
Foto: Kari Sveen.
Foto: Kari Sveen.
Spørsmål 7: Uglene er rekna å vere nattdyr, men denne ugla er aktiv på dagtid. Ho sit gjerne roleg på ei grein og følgjer med. Kva heiter denne ugla?
Foto: Kari Sveen.
Foto: Kari Sveen.
Spørsmål 8: Høgfjellsarten framfor alle blomane. Den er registrert heilt opp til 2370 moh. under Glittertind. Kva er namnet?
Foto: Kari Sveen.
Foto: Kari Sveen.
Spørsmål 9: Til tider av året er vatnet i elva Utla særskilt i augefallande. Kvifor er vatnet smaragdfarga? *
Foto: Eldrid Nedrelo
Foto: Eldrid Nedrelo
Spørsmål 10: Slike svarte svulstar har lang kulturhistorie som medisin i Russland. Arten er brukt i folkemedisinen, og det vert forska på den medisinske verknaden, også i Noreg. Han finst i Utladalen. Kva heiter arten?
Foto: Eldrid Nedrelo
Foto: Eldrid Nedrelo
Email *
Address *
Comments
Submit
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy