For å delta på fotballaktivitet for Hafslo Idrettslag sesongen 2024, MÅ følgjande vere oppfylt:
1. Medlemskap i Hafslo Idrettslag. Kr.300 for enkeltmedlemsskap. Kr. 750 for familiemedlemsskap. NB:
Gratis medlemsskap for alle 0-19 år (født 2005-2024) pga gåve frå Luster Sparebank i 2022 - men alle må melde seg på som vanleg. Familiemedlemskap (inkludert foreldre med born i alder 0-19 år) vert fakturert med kr. 350.
2. Betale trenings-/deltakaravgift til Hafslo IL
NB: Gratis treningsavgift for born og unge 0-19 år (født 2005-2024) i 2024 - pga gåve frå Luster Sparebank i desember 2022.
3. Utføre dugnadsarbeid som t.d.: Medlem av fotballgruppa, medlem i foreldrelaget, trenar, lagleiar, loddsal, leiar av særgruppe, anna arbeid. Dugnadsskjema vert sendt ut i god tid før sesongstart.
4. Foreldre til spelarar på miniputt/aldersbestemt MÅ utføre/fylle 2 dugnadsvakter i kiosk/parkering på Lerum Cup 2024 (22.-24. juni). Dugnadsskjema vert sendt ut før sesongstart. Alle som deltek på fotball må sette av helga i kalendaren!
NB: Idrettslaget gjer merksam på ordninga med Luster Fritidsfond, der ein kan få økonomisk støtte til deltaking i fritidsaktivitetar:
https://www.luster.kommune.no/luster-fritidsfond.484209.nn.html
Stadfesting på medlemsskap og faktura for familiemedlemsskap vert sendt ut i løpet av januar 2024.