Sporkurs - teori - 4 og 11 april 2024

Å gå spor er noko av det kjekkaste som finnes for både hund og eigar. Nyttig er det og.

Når hunden sporer får den brukt den fenomenale luktesansen sin = fornøgd hund.
Sidan hunden går spor i line, kan me trene sjølv om det er bandtvang.
Ein kan gå spor berre for å ha det kjekt saman med hunden, eller trene mot konkurranse.
Det to vanlegaste konkurranseformene er blodsporprøve og brukshundprøve. 
 

Målet med kurset er:
- At du som er fersk med sportrening kan starte å trene på best mogleg måte
- At du som har trent litt spor skal få nye tankar og idear til å utvikle hund og førar

Denne teorien kan nyttast uansett om målet er menneskespor/brukshundprøve eller blodspor/blodsporprøve.

I samband med kurset vert det oppretta ei facebookgruppe der kursdeltakarane får oppgåver, får tilgang til videoar, bloggar, linker; og deltakarane kan legge ut videoar og legge ut spørsmål til Inger. Det er også eit mål at folk gjerne går sammen og trener spor i etterkant av teorien, men dette vert i alt vesentleg utan instruktør.

Eksempel på kva som vert gjennomgått:
- Korleis starte treninga - type spor, alder på sporet, sporstart/påsett, korleis belønne sporet
- Kva utstyr treng ein?
- På kva underlag bør ein starte å trene?
- Føraren - korleis bruke lina, lese hunden, hjelpe hunden og ikkje minst stole på hunden
- Korleis jobbe med for stor fart, for høg nase, går ut i vinklar, tapsarbeid osv.
- Korleis gjera sporet vanskelegare for hunden? Sporoppsøk.
- Korleis legge eit treningsspor eller eit konkurransespor. 

Krav til forkunnskap hjå førar:
- Absolutt ingen! Du er like velkommen sjølv om du aldri har gått spor før eller du har konkurrert mykje.

Instruktør er Inger Handegård - kennel Desperado
- Inger er NKK trinn 2 instruktør (jakt)
- Ho har sidan 1978 ført fram/veileda 75 hundar av eige oppdrett til å bli viltsporchampions og 61 ettersøkshundar
- Ho har fleire gonger vore i finalen NM blodspor og har NM-sølv som beste resultat
- Ho har starta med 8 ulike hundar på bruksprøve - spor
- Ho har også gitt ut boka "Gå spor"

Maks tal deltakarar: Er ubegrensa då dette er eit teorikurs
Påmeldingsfrist: 1. april
Påmeldingsfristen er forlenga då me har minst 6 påmeldte alt 8. mars.

Stad: Gaupne - Lagshuset på Grandmo

Tid:
Torsdag 4 april klokka 18 til ca. 20.30
Torsdag 11 april klokka 18 til ca. 20.30

Pris:
Medlem i Luster hundeklubb: kr 600
Ikkje-medlem: kr 800
Påmeldinga er bindande. 

Du får informasjon om korleis du betaler m.m. på epost seinast etter første frist som er 22 mars. 

PS: Du som la spor, var medhjelpar på feltsøk, prøveleiar osv ved brukshundprøven LHK hadde hausten 2023, får kr. 100 i avslag på kurset.


Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Telefon *
Navn på kursdeltakar *
Adresse *
Postnummer/stad  *
Førar er født år: (Studieforbundet krev fødselsår) *
Er du medlem i Luster hundeklubb? *
Required
Har du starta på sporprøve nokon gong? I så fall. kva type prøve?
Har du nokon spesielle ting du vil vita meir om eller få hjelp til som gjeld spor? 
A copy of your responses will be emailed to the address you provided.
Submit
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
reCAPTCHA
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy