AVKAST 17.-18. september
Tid:
Fredag 17. september kl 18-20:  Frode Kyvåg
Laurdag 18. september kl 09-17: Syril, Førde IL og Christian Berge (sjå neste side for tidspunkt for dei ulike programpostane)

Stad: Leikangerhallen, Saften

Medlem i Syril: Gratis inngang heile arrangementet.
Ikkje medlem i Syril:  Fredag - 100 kr / laurdag frå kl. 13 - 200 kr.

Alle som ynskjer å delta må melde seg på, uavhengig av om ein er medlem i Syril eller ikkje, grunna avgrensa med plass.

----------------------------------------------------------------------------------

Syril handball inviterer alle i Syril til å delta på Avkast i september her i Leikanger. Dette er eit arrangement med innhald som passar for alle som har ei rolle innan idrett, enten det er som forelder, trenar, lagleiar, supportar eller spelar. Det er handballgruppa som arrangerer, men her vil nok andre idrettar også ha interesse av å delta.

Vi startar Avkast på fredag, og då kjem Frode Kyvåg og skal halde føredrag om  motivasjon, haldningar, inkludering og frivilligheit. Han rettar seg fyrst og fremst mot det vaksne publikummet, det vil sei foreldre, trenarar eller andre med engasjement innan idrett generelt.

Vi held fram på laurdag, med mykje nyttig innhald for dei vaksne, men her er også spelarane ei viktig brikke i programmet. Vi har eigne ressurspersonar som vil syne korleis ein kan gjennomføre treningsøkter med dei yngste, vi vil også få sjå og høyre om restitusjon og skadeførebygging frå damelagstrenarane frå Førde IL. Christian Berge vil halde føredrag for oss der han deler sin kunnskap om lagbygging og samarbeid, som både er relevant på idrettsarenaen og arbeidsplassen.  Under treningsøktene vil du som publikum få observere vår landslagstrenar i aksjon som trenar for våre eigne spelarar frå Syril.

--------------------------------------------------------------------------------
Sign in to Google to save your progress. Learn more
Email *
Navn *
Telefonnummer *
Medlem i Syril? Hak av for rett alternativ. *
Dersom du er betalande deltakar, vil du etter at påmeldingsfristen ha gått ut, få ny info om betaling.
Captionless Image
Gå til neste side for å sjå program,  og vel dei føredraga/øktene du ynskjer å melde deg på.
Next
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy